Har du nye opplysningar?
Vedtak frå oss og nemndene me er sekretariat for, er i dei aller fleste tilfella endelege. Det betyr at dei ikkje kan klagast på vidare i forvaltninga. Viss det ligg føre nye og vesentlege opplysningar, kan du søkja om gjenopptak.
Når du har fått eit endeleg vedtak frå oss eller nemndene me er sekretariat for, er klagesaksbehandlinga avslutta. Du kan ikkje klaga på vedtaket.
Dersom du er ueinig i vedtaket, kan du ta ut stemning (stevning). Dersom det er nye og vesentlege opplysningar i klagesaka di, kan du søkja om gjenopptak.
Kva er krava for at saka skal takast opp att?
Det skal svært mykje til for å få eit endeleg vedtak gjort om.
- Det må vere nye og vesentlege opplysningar som ikkje var kjende på vedtakstidspunktet.
- Opplysningane må kunna føra til eit anna resultat.
Det er ikkje nok at du er usamd i vedtaket, eller at til dømes ein medisinsk sakkunnig vurderer saka annleis enn det nemnda/me har gjort.
Kan eg få saka teke opp att viss eg har teke ut stemning (stevning)?
Du kan berre ha éin prosess gåande. Me kan ikkje vurdera klagesaka di på nytt dersom du har teke ut stemning. Du må i tilfelle stansa rettsprosessen.
Viss du har bedt om gjenopptak og så tek ut stemning, blir gjenopptakssaka avslutta.
Eg har fått nye opplysningar som kan føre til eit anna resultat, og vil be om ei ny vurdering av klagesaka mi. Kva gjer eg?
Krav om gjenopptak må vera skriftleg. Hugs å oppgi saksnummeret og skriva kva som er nytt i saka.
Dokumentasjon som inneheld personsensitiv informasjon, må sendast via DigiPost eller brevpost. Viss saka di vert vurdert på nytt, får du tilgang til brukarportalen Mi side att.