Høyring: Vil endre fristen for når ein kan krevje refusjon for helsetenester mottatt i eit anna EØS-land

Vi støttar forslaget frå Helse- og omsorgsdepartementet, med nokre merknadar.

Biletet syner ein pasient som ligg på ei MR-maskin. To personar som er helsepersonell står ved sidan av. Foto: Mostphotos.

Helse- og omsorgsdepartementet vil endre fristen for når ein kan krevje refusjon for helsetenester som er mottatt i eit anna EØS-land.

Vi er positive til forslaget om at fristen skal løpe frå fakturatidspunktet, og ikkje frå tidspunktet då behandlinga blei mottatt.

Vi støttar vidare forslaget om at denne fristen også skal gjelde for saker som blir behandla etter folketrygdlova §§ 5-24a og § 5-24 og trygdeforordninga 883/2004.

Bør komme tydelegare fram når fristen begynner å løpe

Vi har likevel nokre merknadar til forslaget frå departementet.

Behandlinga må vere betalt for at søkjaren skal få innvilga stønad. Slik forslaget er skrive, kan det oppfattast som at fristen fyrst begynner å løpe når helsetenesta er betalt.

Vi meiner forslaget må skilje tydelegare mellom når fristen for å setje fram eit krav begynner å løpe, og kva vilkår som må vere oppfylt for å få stønad.

Vi meiner også at det bør komme tydelegare fram at søkjarar kan fremje eit ubetalt refusjonskrav innan fristen går ut, for så å ettersende ei stadfesting på at behandlinga er betalt.

 

Les høyringssvaret frå Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring