Ny dom om erstatning etter Pandemrix-vaksine påverkar ikkje andre saker

29. oktober 2019 vart staten ved Pasientskadenemnda dømd i Aust-Agder tingrett. Saka gjaldt om staten er ansvarleg for utvikling av narkolepsi type 1 hjå ein person som tok Pandemrix-vaksinen i desember 2009.

En sprøyte med en dråpe på nålespissen. Foto: Mostphotos.

Norsk pasientskadeerstatning og Pasientskadenemnda har i konkrete saker gjeve erstatning til Pandemrix-vaksinerte som har fått diagnosen narkolepsi type 1 med symptomdebut innan to år frå vaksineringa.

Dommen skapar ikkje presedens for andre saker

I motsetning til Pasientskadenemnda, kom retten til at symptoma til saksøkjar mest sannsynleg oppstod i løpet av hausten 2011. Altså under to år etter at vedkomande tok vaksinen.

Dommen frå Aust-Agder tingrett er eit resultat av ein konkret bevisvurdering i den enkelte saka. Den er ikkje i strid med praksisen til Pasientskadenemnda for kva slags tilfelle som gjev grunnlag for pasientskadeerstatning.

Sjølv om Pasientskadenemnda er ueinig i bevisvurderinga til retten, anka dei ikkje dommen. Nemnda meinte at denne saka ikkje ville skape presedens for andre saker.

Her kan du lese heile dommen i anonymisert form

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring