Høyring: Vil endre organiseringa av klagenemndene

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å endre lover og forskrifter knytt til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Flere personer sitter rundt et bord. På bordet er det PC-er og papirer. Illustrasjonsfoto: Ådne Sinnes

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til endringar i folketrygdlova, pasient- og brukarrettslova, helsepersonellova og pasientskadelova med tilhøyrande forskrifter.

Departementet foreslår å

  • endre regelverket for organisering av klagenemndene som behandlar helsesaker
  • innføre lovheimel for innhenting og utlevering av teiepliktige opplysningar i pasientskadesaker
  • endre saksbehandlings- og teiepliktreglane som gjeld for Helfo og Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) i saker etter folketrygdlova

Støttar dei fleste forslaga

Vi er glade for at departementet har lagt fram desse forslaga til endringar i regelverket.

Dei fleste forslaga i høyringsnotatet er etterspurt frå vår side. Vi meiner endringane vil auke effektiviteten i saksbehandlinga, utan å gå utover rettssikkerheita.

Vi har nokre kommentarar til enkelte av forslaga.

 

Les høyringssvaret vårt

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern