Høyring: Ny lov om erstatning frå staten til valdsutsette

Høyringa gjeld forslag til ei ny lov som skal erstatta valdsoffererstatningslova og valdsoffererstatningsforskrifta.

En kvinne holder seg rundt håndlegget for å støtte det. Bilde: Mostphotos

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta (Helseklage) er sekretariat for Pasientskadenemnda og handsamar klagar på vedtak frå Norsk pasientskadeerstating (NPE).

Helseklage støttar føremålet med lovforslaget, som er å få ei meir effektiv ordning for erstatning til valdsutsette. Vi meiner det er ei god løysning at alle som er tilkjent erstatning frå skadevaldar skal kunne få utbetalt erstatninga tilnærma automatisk.

Vi har kommentert våre synspunkt til kapittel 13.1 i høyringsnotatet om tilhøvet til pasientskadeloven.

Her kan du lese heile høyringssvaret vårt

Grunnlaget for høyringa

Justis- og beredskapsdepartementet føreslår ei ny lov som skal erstatta lov 20. april 2001 nr. 13 om erstatning frå staten for personskade voldt ved straffbar handling m.m. (valdsoffererstatningslova) og forskrift 23. januar 1981 nr. 8983 om erstatning frå staten for personskade voldt ved straffbar handling (valdsoffererstatningsforskrifta).

Forslaget vil gje ei langt meir effektiv ordning: Alle som er tilkjent erstatning skal kunne få utbetalt erstatninga frå staten tilnærma automatisk og umiddelbart, utan å fremja søknad. Målet er at ei rask avklaring vil hjelpa den valdsutsette med å leggja det som oftast er ei traumatisk hending bak seg.

Erstatniga er den same som skadevaldar skulle betalt. Skadevaldar skal haldast ansvarleg ved at staten krev heile beløpet tilbakebetalt.

Høyring: Ny lov om erstatning frå staten til valdsutsette

 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern