Høyring: Forslag til endringar i apoteklova § 6-6

Helse- og omsorgsdepartementet foreslår å endre apoteklova § 6-6, slik at biotilsvarande legemiddel kan inkluderast i bytteordninga hjå apoteka.

"Apotek" på en husfasade. Foto: Michael Erhardsson, Mostphotos
Foto: Michael Erhardsson, Mostphotos

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er klageinstans for mellom anna klagesaker etter folketrygdlova kapittel 5, jf. folketrygdlova § 21-11a andre ledd. Vi handsamar klagesaker som gjeld vedtak om individuell stønad til legemiddel etter blåreseptforskrifta og klagar på vedtak som gjeld frikort.

Vi meiner forslaget tek vare på formålet med bytteordninga: Å sikre auka konkurranse, lågare pris og gje betre tilgang på legemiddel. Sikkerheita til pasienten er òg verna, sidan rekvirenten kan reservera resepten mot bytte dersom eit slikt bytte ikkje er trygt og forsvarleg for pasienten.

Her kan du lese heile høyringssvaret vårt

Grunnlaget for høyringa

Helse- og omsorgsdepartementet ynskjer å leggje til rette for at bytteordninga er i takt med den medisinske og regulatoriske utviklinga, for å best mogleg kunne dra nytte av potensialet for konkurranse og lågare legemiddelprisar.

Høyring: Forslag til endringar i apoteklova § 6-6

 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern