Vil du klaga til Sivilombodet?

Du kan klaga til Sivilombodet viss du meiner at me har utsett deg for urett eller feil i saksbehandlinga.


Logoen til Sivilombudet.


Viss du meiner at me har behandla saka di på ein feil eller uforsvarleg måte, kan du klaga til Sivilombodet.

Sivilombodet er eit kontrollorgan som sjølv avgjer kva saker dei behandlar. Dersom saka di blir teken til behandling, gjennomfører ombodet ei rettsleg og objektiv vurdering av klaga.

Når kan eg klaga til Sivilombodet?

Du må klaga til Sivilombodet innan det har gått eitt år frå det endelege vedtaket i saka di vart fatta.

Gjeld klaga di sein saksbehandling eller mangel på svar, kan du klaga medan saka di framleis er til behandling – men då må du ha purra til oss først! Purringa må vera skriftleg og skal leggjast ved klaga til Sivilombodet.

Kva kan eg ikkje klaga på?

Sjølv om Sivilombodet kan undersøkja dei fleste typar forhold som blir behandla av offentleg forvaltning, er det nokon saker ombodet ikkje kan behandla. Du kan til dømes ikkje klaga på

  • avgjerder som kan leggjast direkte fram for domstolane ved klage eller anke
  • avgjerdene frå domstolane
  • saker som Stortinget har teke standpunkt til
  • avgjerder treft i statsråd
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring