Førarkort

Personar som skal klage på vedtak i førarkortsaker, må klage til Statsforvaltaren.

En person tar i dørhåndtaket på en bil. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Dersom du ikkje oppfyller helsekrava i førarkortforskrifta, kan du søkje Statsforvaltaren om dispensasjon.

Klagesakene gjeld for eksempel saker der du

  • ikkje får innvilga dispensasjon for å kunne køyre bil
  • er ueinig i dispensasjonsvilkåra
  • er ueinig i lengda på dispensasjonsperioden

Skal du klage på eit vedtak?

Klager på vedtak etter førerkortforskrifta må sendast til Statsforvaltaren innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Statsforvaltaren går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Statsforvaltaren

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld førarkort

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring