Parkinsons-pasientar som mistar impulskontrollen, kan få erstatning ved informasjonssvikt

No kan pasientane ha rett på erstatning, viss dei ikkje har fått informasjon om at parkinson-legemiddel kan føra til at dei mistar impulskontrollen.

Illustrasjonsbildet syner ein mann som sit framfor ein PC-skjerm og speler eit pengespel. Foto: Mostphotos.

Nyare studiar viser at pasientar som blir behandla med dopaminagonister (legemiddel) mot Parkinsons sjukdom, kan utvikla impulskontrollforstyrringar som mellom anna spelegalskap, auka shopping og hyperseksualitet.

Pasientskadenemnda (nemnda) behandlar klagesaker frå parkinson-pasientar som har mista impulskontrollen, og som har søkt om erstatning fordi dei ikkje har fått informasjon om denne biverknaden før behandlinga starta.

Desse pasientane har tidlegare ikkje hatt rett på erstatning, men nemnda har no endra praksis: Pasientane kan ha rett på erstatning dersom det har skjedd ein informasjonssvikt.

Ny kunnskap har ført til praksisendring i Pasientskadenemnda

Impulskontrollforstyrringar er i dag ein velkjend og alvorleg biverknad av dopaminagonister, men vart først godt kjent tidleg på 2000-talet. I nyare studiar har forskarar sett at over 30 % av pasientane som blir behandla med dopaminagonister, utviklar impulskontrollforstyrringar over tid, og hos pasientar med fleire risikofaktorar er risikoen for dette så høg som 50 %.

Tidlegare var praksisen, i både Norsk pasientskadeerstatning (NPE) og nemnda, at pasientane ikkje fekk medhald i at det hadde skjedd ein informasjonssvikt, fordi biverknadene ikkje var så store og uventa at det gav grunnlag for erstatning. Vidare meinte NPE og nemnda at biverknadene heller ikkje var ei direkte følgje av behandlinga.

På grunn av dei nyare studiane som viser samanhengen mellom parkinson-legemiddel og impulskontrollforstyrringar, meiner nemnda no at ved å informera pasienten og pårørande om risikoen for moglege biverknader, vil ein kunna gjera førebyggjande tiltak for å heilt eller delvis avgrensa det økonomiske tapet pasientane kan pådra seg.

Ikkje rett på erstatning for eitkvart økonomiske tap

Nemnda behandla nyleg ei rekkje parkinson-saker der dei konkluderte med at impulskontrollforstyrringar er biverknader som pasienten bør informerast om ved starten av behandlinga, fordi desse i dag er velkjende og alvorlege biverknader ved bruk av legemiddel mot Parkinsons sjukdom.

Nemnda meiner at staten har erstatningsansvar i desse sakene. Det betyr at nemnda kan opna for det same i andre tilsvarande saker, der behandlande lege (skadevaldar) ikkje har informert pasienten om biverknadene.

Samtidig inneber ikkje praksisendringa at erstatningssøkjaren har krav på erstatning for eitkvart økonomiske tap. Nemnda må i kvar enkelt sak vurdera tapa pasienten søkjer om erstatning for og omfanget av desse.

Har for første gong tilkjend erstatning for utgifter til spel

I Pasientskadenemndas møte i oktober 2021 vart fleire parkinson-saker behandla. I desse sakene hadde pasientane tidlegare fått medhald i at dei har rett på erstatning, men seinare klaga på storleiken og omfanget av erstatninga. På møtet skulle nemnda ta stilling til storleiken på erstatninga.

I ei av sakene fekk pasienten delvis medhald i kravet om erstatning for utgifter til spel som følgje av impulskontrollforstyrringar. Dette var første gong nemnda tilkjende erstatning for utgifter til spel.

Praksisendringa i Pasientskadenemnda inneber at det er opna opp for at staten erkjenner erstatningsansvar på dette området, men det må gjennomførast ei konkret vurdering i kvar enkelt sak.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring