Produkt- og prislister i blåreseptforskrifta
Vi behandlar klager på vedtak som gjeld produkt- og prislister i blåreseptforskrifta.
Klagesakene gjeld klagar frå leverandør om opptak eller endring av medisinsk forbruksmateriell og næringsmiddel på pris- og produktlista.
Saksbehandlinga hos oss
Vi får klagesaka frå Helfo. Når vi har fått saka di, sender vi deg eit brev om at ho er registrert hos oss. I brevet får du òg informasjon om forventa saksbehandlingstid. Saksbehandlingstida varierer etter kompleksiteten i saka.
Saksbehandlinga er skriftleg. Saksbehandlaren som blir tildelt saka di, gjer ei ny juridisk vurdering og hentar inn nye eller oppdaterte opplysningar viss det er nødvendig. Vedkommande vurderer om det er grunnlag for å endre vedtaket frå førsteinstansen. Det er alltid minst to personar som vurderer saka.
Når vi har gjort eit vedtak i saka, sender vi det til deg eller representanten din. Vi sender det òg til Helfo.
Du kan følgje klagesaka di på Mi side.
Vedtaka våre er endelege
Vedtak frå oss er endelege og kan ikkje klagast på vidare. Vedtak kan leggjast fram for domstolane for rettsleg overprøving.