Turnusteneste for å få norsk autorisasjon som fysioterapeut

Dersom du skal klage på avslag om norsk turnusplass, må du sende klagen til Helsedirektoratet.

En fysioterapeut som hjelper en pasient med foten/kneet. Foto: Mostphotos.

Fysioterapistudentar som er utdanna i eit EU- eller EØS-land må gjennomføre turnus i Noreg for å få norsk autorisasjon.

Klagesakene gjeld avslag på søknad om norsk turnusteneste.

Skal du klage på eit vedtak?

Klager på vedtak om avslag må sendast til Helsedirektoratet innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skrive kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Helsedirektoratet går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal gjerast om eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei saka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Helsedirektoratet

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld turnusteneste for å få norsk autorisasjon som fysioterapeut​

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring