Dekning av sakskostnadar i spesialisthelsetenesta

Pasientar som har hatt utgifter for å få omgjort eit vedtak frå spesialisthelsetenesta til sin fordel, kan få dekka sakskostnadane.

Dersom du skal klaga på eit vedtak der du har fått avslag på dekning av sakskostnadar, må du senda det til helseføretaket innan 3 veker etter at du mottok vedtaket. I klagen må du skriva kva vedtak du klagar på, kva du er ueinig i og kvifor.

Helseføretaket går gjennom klagen din og vurderer om vedtaket skal omgjerast eller oppretthaldast. Dersom vedtaket blir oppretthalde, sender dei klagesaka til oss for ei ny juridisk vurdering.

Regionale helseføretak

Korleis behandlar me klagesaka?

Saksbehandlinga av klager som gjeld dekning av sakskostnadar i spesialisthelsetenesta

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring