– Stor variasjon gjer det gøy å vere her

Frederick er juridisk rådgjevar på helserettsavdelinga. Han meiner gode kollegaer og dei interessante arbeidsoppgåvene er noko av det beste med jobben hans.

Bilde av Frederick Ramm Steen. Foto: Cecilie Bannow.

Frederick har jobba i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta sidan 2018. Her førebur og utgreier han saker som skal til behandling i Statens helsepersonellnemnd og i Klagenemnda for behandling i utlandet.

– Veldig mykje ansvar kviler på oss. For eksempel i tilsynssakene, der vi mellom anna skal vurdere om helsepersonell ikkje lenger skal få praktisere yrket fordi autorisasjonen blir tilbakekalt.

– I saker som skal til klagenemnda, kan det for eksempel vere kreftsaker eller saker der personen har ein sjeldan diagnose og har søkt om å få dekka utgiftene til behandling i utlandet. Sakene vi jobbar med har stor betydning for andre sine liv, så her får du motivasjon til å gje jernet.

Samarbeidar med Regjeringsadvokaten og medisinsk sakkunnige

Når Frederick får ei ny sak, går han gjennom dokumenta, hentar inn nye opplysningar og gjer ei grundig juridisk vurdering. Her samarbeidar han tett med legar og andre medisinske sakkunnige.

– Det er utruleg interessant, og vi lærer mykje medisin. Som jurist kan eg sjå kva som er dei juridiske spørsmåla, men vi treng sjølvsagt å sjå fleire sider av ei sak og har mange gode, nyttige og interessante samtalar med dei sakkunnige.

Når saka er ferdig utgreia, skriv og sender han ei innstilling til nemnda. Så møter han nemnda og gjer greie for saka og vurderinga. Helserettsavdelingen har 30 ulike fagområde, så vi får jobbe med mykje forskjellig, fortel Frederick.

– Eg har knapt opplevd større variasjon nokon stad. Det spenner frå tunge tilsynssaker til rettsaker der eg støttar Regjeringsadvokaten, skriv utkast til tilsvar og bidreg som partsrepresentant i hovudforhandlingane med å gje fagleg støtte.

– I Helsepersonellnemnda er det jamleg rettsaker, der dommarar skal rettsleg prøve nemndas vedtak, der du har førebudd saka og skrive innstillinga. Nokre gonger er det saker der du sjølv kan vere med og danne praksis. Då har eg tenkt «wow, er eg med på dette!».

Lærer heile tida nye ting

Frederick er direktørens representant og har eit fagleg ansvar i klagenemnda. Det betyr at han administrerer mykje av det praktiske før, under og etter nemndmøta, og held oversikt over nemndas praksis og endringar i regelverket. Han gjer også ei andrehandsvurdering av alle sakene som skal opp til behandling i nemndmøte.

– Variasjonen er forfriskande, og for meg er det noko av det som gjer at det er gøy å vere her! Det er alltid noko nytt, nye sakstilfelle eller problemstillingar du aldri før har tenkt på.

– Akkurat no held eg på å lære om autorisasjonssaker. Der er det gjerne helsepersonell med utanlandsk utdanning, og vi må setje oss inn i EØS-rett. Du kjem aldri til å bli utlært hos oss.

Får påverke eigen arbeidskvardag

Hos oss er det rom for å bidra mykje på mange ulike område. Det kan vere alt frå utforming av innstillingane, til korleis dei blir lagt fram i nemnda, seier Frederick.

– Eg kan komme med forslag, dele det eg kan og vere med på å forme det vi treng. Det gjer at eg kjenner at eg ikkje berre er ein del av eit maskineri. Eg får bidra, og det kjennest veldig gjevande at eg har noko å seie i det store bildet.

– Kva vil du trekkje fram til dei som vurderer å søkje seg hit?

– Det beste med å jobbe her er dei gode kollegaene, dei interessante arbeidsoppgåvene, eit godt arbeidsmiljø og kjensla av at det du gjer betyr noko – både for enkeltpersonane som har ei sak hos oss, men også for arbeidsplassen og for kvardagen vår her.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring