– Heilt unikt å kunne fordjupe seg slik fagleg

Karina kjenner på eit stort ansvar og ei glede over å jobbe med eit spennande fagområde.

Portrett av ei kvinne. Foto: Cecilie Bannow.

Karina er teamkoordinator på psykiatriområdet, og tilhøyrer pasientskadeavdeling 2. Ho behandlar saker, men har også det administrative ansvaret for fagområdet og kallar inn til fagmøter, er med på å planlegge fagdagar og organiserer prosjekt i gruppa.

Karina var ei av dei fyrste som begynte hos oss då etaten blei oppretta i 2016, og har sett organisasjonen vekse seg større og større.

– Det har vore litt av ei reise. Eg føler meg heldig som kom inn på eit så tidleg tidspunkt, og at eg har fått vere med og ta del i dette. No er vi så trygge. Vi har blitt veldig gode på fagområda våre.

– Viktig å syne at me behandlar sakene ordentleg

Kort fortalt jobbar vi som saksbehandlarar med jus og medisin, fortel Karina.

– Medisinen er alltid i forandring, og vi må halde oss oppdaterte. Eg har aldri ein kjedeleg dag på jobb.

Fagområdet psykiatri er eit tungt område å jobbe med, seier ho. Her handlar det gjerne om ein pasient som har vore innlagt i psykiatrien, enten på tvang eller frivillig.

– Denne pasientgruppa kan vere ei svak gruppe som ikkje alltid blir sett. I utgangspunktet blir ikkje tvang rekna som behandling, og vi må gjere ein del vanskelege vurderingar. Det kan også vere sjølvmordsaker der pårørande klagar inn saka til oss.

– Det er veldig viktig at vi har sett alt og vurdert alt, før vi sender innstillinga vidare til nemnda eller fattar vedtak på delegasjon. Det er viktig å syne respekt for pasientar og pårørande og syne dei at vi behandlar sakene ordentleg. Vi skal komme fram til det juridisk rette resultatet og formidle det på ein ordentleg måte.

Eit fagfelt i konstant utvikling

Noko av det spesielle med arbeidet som saksbehandlar hos oss er at ein fordjupar seg meir i det medisinske og arbeider mykje med sakkunnige vurderingar, fortel Karina.

– Då eg begynte her blei eg overraska over at det faktisk kan vere så spennande med klagesaksbehandling. Vi må gjerne fordjupe oss i overordna problemstillinga eller sjå på rettspraksis. Vi hentar fortløpande inn nye sakkunnig vurderingar i saker der det er behov for det. For eksempel i vaksinesakene der fagfeltet og kunnskapen om vaksinane er i konstant utvikling. Dette er det utruleg spennande å følgje med på. Ein jobbar ikkje slik alle stader. Eg føler dette er heilt unikt hos oss.

– På kva måte får du utvikla deg fagleg i jobben din?

– Eg utviklar meg når eg skriv og legg fram saker. Eg har også vore fadder ein del gonger, og då blir ein veldig bevisst på korleis andre skriv og korleis ein sjølv framstår overfor andre når ein skal gje tilbakemeldingar. Der har eg utvikla meg. Det gjev meg veldig mykje. Eg har vore fadder for mange i teamet mitt, og det er så kjekt å sjå kor bra dei gjer det og at vi får så gode tilbakemeldingar frå nemnda. Prosjektarbeid om forskjellige problemstillingar, for eksempel tvang i psykiatrien, gir også god fagleg utvikling.

Dreg lasset saman

Karina har hatt ei lang rekkje roller hos oss og har mellom anna vore verneombod og aktiv i sosialkomiteen.

– Kvar kjem alt engasjementet ditt frå?

– Dette er noko eg føler det er verdt å gje noko for. Vi har ein arbeidsplass som kjennest veldig trygg, med masse kjekke folk. Alle er veldig hyggelege, opne og villige til å samarbeide og lære frå seg. Då har du også lyst til å gje litt for organisasjonen.

Karina meiner arbeidsmiljøet særleg er prega av denne viljen til å jobbe saman.

– På teama er vi avhengige av at vi dreg lasset saman, diskuterer og sparrar med kvarandre. Vi har eit felles produksjonsmål og er avhengig av at samarbeidet fungerer bra. Vi veit at vi dreg mot eit felles mål.

– Vi har også gode leiarar. Avdelingsleiaren vår er ei utruleg bra dame, og å ha ein god leiar er veldig motiverande for å engasjere seg fagleg og sosialt.

– Kva er det beste med jobben din?

– Fleksitid, ler Karina. Fleksibiliteten i arbeidskvardagen er gull verdt. Vi har ein veldig trygg og god arbeidsplass, gode kollegaer, fine lokale, trening i arbeidstida. Og fagleg er det så spennande, variert og alltid i utvikling.

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern