Mangfald og inkludering

Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulike livserfaringar, perspektiv, kompetansar og fagkombinasjonar.

I Nasjonalt klageorgan for helsetenesta har vi ein livsløpspolitikk. Det betyr at vi vil leggje til rette etter behova hos den enkelte arbeidstakar.

Vi vil ta vare på medarbeidarane våre i alle fasar av livet.

Vi vil vere i front på inkludering, og jobbar målretta for å inkludere deg som har hamna utanfor arbeidslivet eller har nedsett funksjonsevne.

Arbeidet vi gjer på dette området blir lagt merke til, og vi er stolte av resultata våre.

Tilrettelegging

Vi legg til rette for deg med nedsett funksjonsevne. For eksempel ved å tilpasse arbeidsplassen eller ved at arbeidstakarar som har behov for det, kan jobbe deltid.

Vår erfaring er at tilsette med nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en» ikkje nødvendigvis treng meir tilrettelegging enn andre arbeidstakarar. Alle kan trenge tilrettelegging i deler av livet.

Kryss av når du søkjer

Vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje jobb hos oss. Viss du har nedsett funksjonsevne, har innvandrarbakgrunn, eller har vore borte frå arbeidslivet i til saman to av dei siste fem åra, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkjarportalen.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar i desse gruppene, kallar vi inn minst ein frå kvar gruppe til intervju. Avkryssingane brukar vi berre til å velje ut dei rette kandidatane og til anonymisert statistikk.

Informasjonskapsler og personvern