Webinar: Kva er rolla vår som klageorgan og korleis tek me vare på rettstryggleiken for brukarane våre?

Det er fem år sidan Nasjonalt klageorgan for helsetenesta blei oppretta. I høve jubileet har me laga eit webinar om oss og rolla vår som klageorgan. Her får du også eit innblikk i ulike sakstypar, blant anna korleis me vurderer krav om erstatning i vaksinesaker, misbruk av refusjonsordninga og tilsynssaker mot helsepersonell.

 

Program

  • Introduksjon
  • Helsing frå helse- og omsorgsminister Bent Høie
  • Velkommen og overordna informasjon om Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
  • Korleis jobbar me med pasientskadesaker?
  • Klagesaksbehandling på helserettsområdet
  • Sakkunnigrolla i klagesakene
  • Rettssakene på pasientskadeområdet
  • Er det ein menneskerett å få køyre bil?
  • Behandlaren sitt misbruk av fellesskapets midlar
  • Tilsynssaker: Kva fører til administrative reaksjonar mot helsepersonell?
  • Korleis vurderer me krav om erstatning i vaksinesaker, og korleis føregår rettssakene?
Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring