– Viser at vi er eit sterkt organ med fagleg tyngde

Vi har fått i oppdrag å revidere lovkommentaren for folketrygdlova kapittel fem. – Ei stor anerkjenning og tillitserklæring, seier avdelingsdirektør for helserett.

Nina Helen Vik Håvåg

Norsk Lovkommentar (NLK) er eit juridisk oppslagsverk som forklarar og utdjupar alle dei norske lovene og enkelte andre rettskjelder.

NLK blir skrive av kjente juridiske ekspertar innan sine fagområde, og gir føringar for korleis lovene skal tolkast.

No er det klart at Helserettsavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta skal revidere lovkommentaren for folketrygdlovas kapittel 5, som handlar om stønad ved helsetenester.

– Dette er ei stor tillitserklæring og eit stort kompliment for kunnskapen og kompetansen vi som fagorgan sit med, seier avdelingsdirektør for helserett, Nina Helen Vik Håvåg.

– Det viser at vi blir sett som eit sterkt organ med fagleg tyngde og rett kompetanse til å gjennomføre slike oppdrag.

Fagleg utfordrande oppgåve

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er eit av Noregs største helsejussmiljø, og det største samla fagmiljøet for juristar i Bergen. Arbeidet med lovkommentaren vil bli utført av tilsette som jobbar inn mot Helfo.

– For juristane våre er dette kjempespennande. Det er ei fagleg utfordrande oppgåve som vil krevje ein god del arbeid. Vi startar opp hausten 2021 og vil no først gå inn og avklare alle detaljar i oppdraget, seier Håvåg.

Arbeidet går ut på å oppdatere og kvalitetssikre lovkommentaren ut frå mellom anna lovendringar, nye føresegner, nye rettsavgjersler og ny litteratur.

Oppdraget er eit samarbeid mellom Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og Gyldendal Norsk Forlag ved Gyldendal Rettsdata.

– Det er veldig stas. Det viser at vi har ein standing – eit renommé – i det juridiske fagmiljøet, og at vi er ein fagleg spydspiss innan områda våre.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring