Vi skal handsame klagesaker som gjeld dispensasjon frå utreiseforbod for helsepersonell

Helse- og omsorgsdepartementet har delegert myndigheita til å avgjere klagar på vedtak etter covid-19-forskrifta § 17 femte ledd til oss.

Helsepersonell med hendene i lommen. Foto: Mostphotos

Utreiseforbod for helsepersonell under Covid-19-utbrotet er regulert i forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbrotet (Covid-19-forskrifta) § 17, som vart kunngjort 27. mars 2020.

Helsedirektoratet kan i særlege tilfelle gje dispensasjon frå reiseforbodet etter søknad. Helse- og omsorgsdepartementet er klageinstans på vedtak etter denne føresegna, jf. forvaltningslova § 28. Departementet har delegert myndigheita til å avgjere klagar på vedtak etter forskrifta § 17 femte ledd til Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern