Me innfører eFormidling for utsending til verksemder

8. mars innfører me den nasjonale fellesløysinga eFormidling for å senda ut dokument digitalt til verksemder.


Løysinga gjer det mogleg å kommunisera digitalt på ein enkel og sikker måte, utan å måtta ta omsyn til om mottakaren er ei privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggjar.

Kva betyr dette for offentlege verksemder?

Offentlege verksemder som bruker eFormidling, får dokumenta direkte i saks- og arkivsystemet sitt.

Kommunar og kommunale undereiningar som har KS FIKS får dokumenta i SvarInn-innboksen sin.

Kva betyr dette for private verksemder?

Private verksemder får dokument frå oss i Altinn. Me sender dokumenta som teiepliktig post, derfor må nokon i verksemda ha tilgang til å lasta ned post som er underlagt teieplikt.

Les meir om riktige rettar i Altinn

For advokatar som bruker Mi side, vil dokumenta også vera tilgjengelege der.

Viktig informasjon om avgrensing i filstorleik

Me bruker versjon 1 av eFormidling. I denne versjonen er det ei avgrensing på kor store dokument du kan senda til oss. Offentlege verksemder kan senda inntil 75 MB, medan private verksemder kan senda inntil 40 MB per sending.

Viss du har eit dokument som er større enn dette, må du dela det opp i fleire sendingar.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring