Slik jobbar vi med klarspråk

I 2022 har klarspråk vore eit av dei prioriterte satsingsområda våre.

Bildet syner ei hand som held eit kort. Kortet inneheld ei liste med ti skriveråd. Foto: Cecilie Bannow.

1. januar 2022 fekk Noreg si fyrste språklov. Der står det at offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa. Klarspråk er også del av tildelingsbrevet vi fekk frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Vi sette difor klarspråk som eit av dei prioriterte satsingsområda i verksemdsplanen vår for 2022. Det overordna målet for klarspråkarbeidet er definisjonen på klart språk: Mottakarane av tekstane våre skal kunne finne fram i tekstane, forstå dei, og kunne bruke dei til å gjere det dei skal.

Vi jobbar med språk og struktur

Mot slutten av 2021 testa vi korleis informantar les og forstår vedtaka våre. Vi gjorde også ei tekstanalyse av eit utval vedtak for å kartlegge kva vi gjer bra og kva vi bør jobbe meir med.

Avdelingane som behandlar saker, har jobba med malar og faste tekstar. Desse har mellom anna fått eit meir aktivt språk, fleire og meir konkrete overskrifter, og vi har jobba med strukturen for å løfte opp det som er viktigast for mottakaren. Vi har jobba med å forklare juridiske og medisinske faguttrykk, og dei fleste av tekstane våre rettar seg no mot eit «du», i dei tilfella der vi skriv direkte til klagaren.

Vi har også jobba med språk og struktur i ei rekke brev og med språket i interne rutinar. Avdelingane som behandlar saker, har lenge hatt eigne grupper som jobbar med faste tekstar, og har no også eigne grupper som hjelper med korrekturlesing av vedtak på nynorsk.

Vi jobbar med å styrke kompetansen på klarspråk

I 2022 har nesten alle saksbehandlarar hos oss deltatt på skriveverkstad for å arbeide med eigne tekstar.

Vi har etablert ei klarspråkgruppe med representantar frå alle avdelingar og seksjonar. Kvar månad i 2022 har gruppa halde innlegg på alle avdelingsmøter om månadens språktema. Vi løftar også fram månadens språktema på intranettet og på skjermar i fellesareala.

Klarspråk har blitt ein del av introduksjonsdagen vår for nytilsette, og vi har ein språkprofil med dei ti skriveråda våre, rettleiing og ulike verktøy ein kan bruke i skrivearbeidet.

Vi har også jobba fram ein rettleiar for korleis skrive vedtak. Klarspråk er ein del av denne.

Bilde syner Camilla Bernt som held føredrag. I bakgrunnen er ein storskjerm.

Vi jobbar med å auke bevisstheita om klarspråk

Vi har gjennomført ein intern kampanje for å få flest mogleg til å ta e-læringskurset i klarspråk, Den gylne pennen.

Avdelingane som behandlar saker, har også «vekas ord» der dei kvar veke tek opp eit ord vi bør byte ut og kjem med forslag til nye formuleringar.

Vi har hatt ein faglunsj om klarspråk med Maria Kirkeeide Ravnå, advokat på rettssaksavdelinga vår. På årets fagdag hadde vi besøk av Camilla Bernt, professor ved Universitetet i Bergen, som heldt føredrag om krav og anbefalingar til eit godt forvaltningsspråk, og Kirsti Coward, tidlegare høgsterettsdommar, heldt føredrag om klart språk i vedtak – kvifor og korleis.

Vi har fått laga teikneseriestriper om klarspråk, og i 2022 delte vi ut klarspråkprisen til nokon som har gjort ein stor innsats for klarspråk dette året. Vi har avslutta året med ein julekalender der vi kvar dag publiserer tips, videoar og konkurransar med språktema.

Vi held fram arbeidet i 2023

Arbeidet med klarspråk er eit kontinuerleg arbeid, og vi held fram arbeidet i året som kjem.

Dersom du har spørsmål om språkarbeidet i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, kan du ta kontakt på sprakhjelp@helseklage.no.

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring