Høyring: Vil gjere helsedata meir tilgjengeleg

Helse- og omsorgsdepartementet vil utvikle ei nasjonal løysing for å gjere det lettare å nytte seg av helsedata i statistikk, analyser og forsking. Vi har sendt inn våre merknader og innspel til forslaget.

En person sitter ved en PC og jobber. Illustrasjonsfoto: Ådne Sinnes

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt på høyring eit forslag til forskrift om ei nasjonal løysing som skal gjere helsedata meir tilgjengeleg.

Ifølgje departementet skal denne løysinga sørge for at helsedata blir lettare tilgjengeleg for statistikk, helseanalyser, forsking, kvalitetsforbetring, planlegging, styring og beredskap.

Forskrifta skal regulere etablering, forvaltning og utvikling av ei slik nasjonal løysing.

Vi har sendt inn våre merknader til forslaget

Vi i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta meiner forslaget til forskrift verkar grundig og godt gjennomarbeida, og vi støttar hovedinnhaldet i forslaget.

Departementet foreslår at Nasjonalt klageorgan for helsetenesta skal vere klageinstans for vedtak knytt til søknader om å gjere helsedata tilgjengeleg. Omtala av klageordninga er kort, og vi har nokre merknader og innspel til denne delen av forslaget.

 

Les høyringssvaret vårt

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern