Høyring: Vil endre reglane for heimekontor

Arbeids- og sosialdepartementet vil endre heimekontor-forskrifta. Vi støttar ein gjennomgang av reglane.

Ein person sit i sofaen med PC på fanget og kaffikopp i handa. Foto: Unsplash.

Arbeids- og sosialdepartementet har sendt på høyring eit forslag til endringar i forskrift om arbeid som blir utført i arbeidstakar sin heim.

Vi er glade for at det er tatt initiativ til ein gjennomgang av regelverket.

Den lange perioden med pålagt heimekontor på grunn av koronapandemien, viser at det er behov for oppdatert og meir omfattande regulering.

Lite omfattande endringar

I forslaget skriv departementet at dei fyrst og fremst har vurdert endringar som kan eller bør gjennomførast innan relativt kort tid.

Det er sett i gong ei kartlegging av bruk av heimekontor som vil kunne synleggjere eit behov for ytterlegare eller andre endringar. 

Vi støttar denne tilnærminga. Vi legg til at endringane departementet foreslår i denne omgangen ikkje verkar særleg omfattande, og vi reknar med at dei ikkje vil føre til nokre store praktiske konsekvensar for oss.

Vi er likevel einige i at større endringar i reglane bør vere basert på kunnskap, og at det er fornuftig å vente på resultata frå kartlegginga.

Høyringssvar: Dette meiner vi om forslaga til endringar i reglane for heimekontor

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring