Høyring: Forslag til endringar i forvaltningslova m.m. for å gje større tilgang til informasjonsdeling

Endringa er ei dels oppfølging av utgreiinga til Forvaltningslovutvalet, og går ut på å gje eit større høve til deling mellom forvaltningsorgan av opplysningar som er omfatta av teieplikt.

Helsepersonell med stetoskop rundt halsen sitter og leser noe på et nettbrett. Foto: Mostphotos

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta svarte på høyringa til NOU 2019:5, om Forvaltningslovutvalgets forslag til ny forvaltningslov. Vi uttalte at vi i utgangspunktet er positive til at det vert opna for større moglegheit for deling av teiepliktige opplysningar.

Vi tykkjer det er bra at departementet har arbeidd vidare med forslaget og tatt omsyn til krava i personvernforordninga. Vi meiner likevel at lovforslaget framleis legg opp til vanskelege og til dels skjønnsmessige vurderingar av om vilkåra for deling er oppfylt.

Les heile høyringssvaret vårt på regjeringen.no

Grunnlaget for høyringa

Endringsforslaget frå Justis- og beredskapsdepartementet er ei delvis oppfølging av Forvaltningslovutvalgets forslag til ny forvaltningslov i NOU 2019: 5. Departementet foreslår utvida tilgang til å dele teiepliktige opplysningar mellom forvaltningsorgan.

Departementet meiner det er naudsynt med fleire og meir sektorovergripande reglar. Føremålet er å få eit meir heilskapleg regelverk om informasjonsdeling som òg skal ta vare på behovet for deling av teiepliktige opplysningar. Større og tydelegare delingstilgang kan gjere arbeidet til dei ulike organa meir effektivt.

Høyring: Forslag til endringar i forvaltningslova m.m. – større tilgang til informasjonsdeling

 

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern