Høyring: Endringar i domstolstrukturen

Justis- og beredskapsdepartementet føreslår å føre inn att strukturen domstolane hadde før domstolreforma i 2021. Vi støttar ikkje forslaget.

Fotografiet syner ei dommarklubbe på eit bord. Foto: Mostphotos.

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å endre domstolstrukturen.

Ved domstolreforma i 2021 blei antal tingrettar redusert frå 60 til 23, og antal jordskifterettar frå 34 til 19.

Departementet føreslår no å i utgangspunktet føre inn att strukturen domstolane hadde før reforma.

Vi har sendt inn vårt høyringssvar

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta støttar ikkje reverseringsforslaget. Vi grunngjev dette i høyringssvaret vårt.

Les høyringssvaret få Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring