Høyring: Forslag til endring i pasientskadelova og ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadesaker

Helse- og omsorgsdepartementet har sendt forslag til ny forskrift om meinerstatning ved pasientskader på høyring. Dei foreslår også ei endring i pasientskadelova som gir departementet heimel til å gi forskrift om meinerstatning ved pasientskader.

To leger som opererer en person. Foto: Mostphotos.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er sekretariat for Pasientskadenemnda, som behandlar klager på vedtak frå Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Me førebur klagesakene for nemnda eller fattar vedtak etter delegert myndigheit.

Her er vårt høyringssvar til endringsforslaget

Bakgrunnen for høyringa

NPE anbefalte i 2017 at forskrift om meinerstatning ved yrkesskade (invaliditetstabellen) burde reviderast. Forskrifta blir i dag brukt ved berekning av meinerstatning ved pasientskader, men er i utgangspunktet utforma med tanke på tilstandar som kan oppstå ved yrkesskader. Den er derfor ofte mangelfull og ikkje heilt treffande ved utmåling av meinerstatning i pasientskadesaker. 

På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har NPE utarbeida ei ny forskrift om berekning av meinerstatning ved pasientskade. Formålet er å sikre likebehandling ved saksbehandling av tilnærma like erstatningskrav. Me har også vore med i arbeidsgruppa.

Forslaget til den nye forskrifta inneheld tre delar:

  • Del I utdjupar dei grunnleggjande vilkåra for meinerstatning ved pasientskader.
  • Del II og III er ei vidareføring av tilsvarande delar i gjeldande forskrift om meinerstatning ved yrkesskade med forslag til endringar og til nye medisinske område.

Høyring: Forslag til endring i pasientskadelova og ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadesaker

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring