Helseklage tek i bruk digital postkasse

Helseklage har ei stund brukt digital postkasse for å sende brev til deg. No kan du òg sende brev til oss med din digital postkasse. 

En PC-skjerm der brukeren er inne på Digipost.no.

Viss du har ein digital postkasse, vil brev frå oss bli sendt til den.

Kva er ein digital postkasse?

Ein digital postkasse er ei sikker løysing for å få og oppbevare viktig post digitalt, som mellom anna vedtak, helseopplysningar eller sensitiv informasjon. Helseklage kan ikkje bruke vanlig e-post til å sende slik informasjon.

For at du skal kunne få viktige brev frå Helseklage digitalt, må du ha digital postkasse.

Korleis sende brev til oss?

Når du opprettar eit nytt brev, skriv du Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten i mottakarfeltet. Ikkje bruk namnet til saksbehandlaren, då går brevet til saksbehandlarens private postkasse.

Du kan ikkje svare på motteke brev. Det finst ingen slik funksjon i dei digitale postkassane. Du må opprette eit nytt brev til oss viss du ønskjer å svare på eit brev.

Eksempel på hvordan det ser ut når du skal sende brev via Digipost.

For at vi skal kunne opne brev med eventuelle vedlegg, må du vedlegga vere dokument i Word- eller PDF-format.

Profesjonelle aktørar kan ikkje få post frå oss i digital postkasse

Profesjonelle aktørar, advokatar, Pasient- og brukarombod, Norsk pasientforening og behandlingsplassar, kan foreløpig ikkje få post frå oss i digital postkasse.

Kva må du gjere for å sende og få digital post?

Du må sjølv opprette ein digital postkasse for å få post digitalt. Vi kan sende elektroniske brev til brukarar av både Digipost og e-Boks. Dokumenta du får tilsendt digitalt, blir lagra i den digitale postkassen som i eit arkiv.

Viss du har e-Boks, må du registrera Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten som godkjend avsendar for å få brev frå oss. Gå til "Din oversikt" og "Registrer avsendar". 

Du må ha ein elektronisk ID og bruka ID-porten for å lesa post frå Helseklage i den digitale postkassen.

Vil du ha brev frå det offentlege på papir?

Viss du vil vere sikker på å få viktige brev frå det offentlege på papir, må du reservere deg mot kommunikasjon på nett.

Du vil framleis få post frå det offentlege på papir dersom du aldri har brukt offentlege tenestar på nett som krev at du loggar deg inn via ID-porten. Då treng du ikkje reservere deg.

Du finn meir informasjon om digital postkasse på norge.no.

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern