Er du vår nye direktør?

Helse- og omsorgsdepartementet skal tilsetje direktør for Nasjonalt klageorgan for helsetenesta. Tek du utfordringa med å leie eit ungt og solid fagmiljø mot nye mål?

Tre personer står foran en tavle og diskuterer. Foto: Cecilie Bannow.

Vi har ei viktig rolle i den norske helseforvaltninga. Vårt samfunnsoppdrag er å ta vare på rettstryggleiken til alle som har ei sak hjå oss, både pasientar og helsepersonell. Våre vurderingar er viktige for enkeltpersonar sin livssituasjon og fellesskapet si interesse i offentleg finansierte og velfungerande helsetenester.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta er det største samla fagmiljøet for juristar i Bergen. Vi handsamar klager på vedtak i over 50 ulike sakstypar frå 12 offentlege instansar og er sekretariat for fire uavhengige nemnder. Vi er òg prosessfullmektig når staten ved Pasientskadenemnda vert saksøkt og støttar Regjeringsadvokaten i øvrige søksmål.

Dei største fagområda våre er:

  • erstatningsrett
  • helserett
  • forvaltningsrett
  • EU-/EØS-rett
  • prosedyre

Vi er ein løysingsretta og dynamisk organisasjon med om lag 175 tilsette. Vårt overordna mål er å vere ein rollemodell innan offentleg forvaltning. Vi skal setje brukarane framst i alt vi gjer, arbeide effektivt og vere ein attraktiv arbeidsplass.

Høyrast ikkje dette ut som ein spanande organisasjon å leie? Meir informasjon om stillinga finn du i utlysinga. Søknadsfrist er 7. november.

Ledig stilling: Direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Publisert / Endret
Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring