Anita Giæver Hansen blir ny direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta

Kongen i statsråd har i dag utnemnt seksjonssjef Anita Giæver Hansen i Skatteetaten til direktør i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta.

Anita Giæver Hansen (57) er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen/Oslo, og har over 20 år med leiarerfaring frå komplekse, kompetansedrivne organisasjonar. Ho har leia arbeid med effektivisering og digitalisering av både tenester og verdikjeder, og har ein sterk motivasjon for arbeid med kontinuerleg forbetring.

Frå januar 2019 til november 2020 var Anita kemner i Bergen. Før dette arbeida ho som avdelingsdirektør i NAV Forvaltning Bergen (2007–2016). I 2016 gjekk ho til stillinga som kontrollsjef hos Kemneren. Tidlegare arbeidserfaring omfattar ulike rollar i Bergen fengsel og Hordaland fylkestrygdekontor.

Anita Giæver Hansen tiltrer som direktør 1. mars 2022.

Anita Giæver Hansen
Anita Giæver Hansen

Publisert / Endret
Informasjonskapsler og personvern