Kven kan hjelpa meg med saka mi?

Viss du treng hjelp med saka di, kan du få støtte frå for eksempel pårørande, helsepersonell, ein brukarorganisasjon, pasient- og brukarombodet i fylket ditt eller ein advokat.

To menn sitter foran en PC. En av dem peker på skjermen. Foto: Mostphotos.

Me har rettleiingsplikt og hjelper deg med spørsmål om kvar du skal sende ei eventuell klage og saksbehandlinga hos oss.

Me kan ikkje skaffe fullmektig/advokat til deg.

Sentralbordet vårt er ope på kvardagar kl. 9.00–14.30.

Bruk Mi side, sikker digital postkasse eller brevpost dersom du skal sende personsensitiv informasjon.

Hjelp frå andre

Du står fritt til å motta bistand fra andre. Det kan vere pårørande, helsepersonell, ein brukarorganisasjon eller andre du har tillit til.

Dersom andre skal få tilgang til opplysningane me har om deg, må de ha heimel i lova for å få utlevert opplysningane eller ei fullmakt frå deg.

Fullmektig

Når du gir ein annan person fullmakt, betyr det at:

  • Me kontaktar fullmektigen, ikkje deg.
  • Fullmektigen har rett til å sjå alle dokumenta i saka di.
  • Me sender vedtaket i saka di til fullmektigen, ikkje til deg.

Dersom du vil at nokon skal vere fullmektig for deg, må du fylle ut og signere fullmaktskjemaet. Den enklaste og tryggaste måten å gjere dette på, er inne på Mi side.

Logg inn på Mi side

Dersom du ikkje vil signere digitalt, må du fylle ut eit PDF-skjema og sende det til oss. Du må enten sende det som brevpost eller via ei digital postkasse. Du kan ikkje sende skjemaet på e-post sidan det innehekd personsensitive opplysningar!

Pasient- og brukarombodet

Alle fylke har eige pasient- og brukarombod. Ombodet kan blant anna hjelpe deg med

  • råd og rettleiing om rettane dine
  • informasjon om framgangsmåte når du ønskjer å klage
  • å skrive klagen

All bistand frå pasient- og brukarombodet er gratis. Du kan vere anonym i kontakten med ombodet.

Pasient- og brukarombodet kan ikkje vere fullmektig i saka di.

Advokat

Advokaten som bistår deg, treng ikkje legge fram ei skriftleg fullmakt.

Det er i utgangspunktet ikkje nødvendig med juridisk bistand. Me er eit offentleg forvaltningsorgan som på sjølvstendig grunnlag gjer ei juridisk vurdering av klagesaka di etter gjeldande regelverk. Saksbehandlinga hos oss er uavhengig, nøytral og gratis.

Merk: Dersom du byter advokat eller ikkje lenger har advokat i saka di, må du gje beskjed til oss slik at me har riktig kontaktperson!

Verje (verge)

Ei verje skal vareta interessene til ein person som enten er mindreårig eller som har fått oppnemnt verje.

Verje for mindreårige er i utgangspunktet den personen som har foreldreansvaret. Verja sitt mandat for ein vaksen står i vedtaket om verjemål, der det blir tatt stilling til omfanget av verjemålet.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring