Kva rettar har eg?

Saksbehandlinga vår følgjer forvaltningslova, offentleglova og personopplysningslova.

Et stort paragraftegn med andre ikoner i bakgrunnen. Foto: Mostphotos.

Du som har ei klagesak hos oss har følgjande rettar:

  • Du har krav på å få informasjon om at saka di er mottatt, så snart klagen er sendt og registrert hos oss. Du skal også bli orientert om når du kan forvente å få svar på saka di.
  • Dersom saka ikkje blir behandla innan forventa saksbehandlingstid, skal du bli orientert om når du kan forvente å få svar.
  • Dersom me innhentar sakkunnigvurderingar, har du rett til å uttale deg før vedtaket blir fatta.
  • Du skal få informasjon om jussen som gjeld saksområdet og om rettane og pliktene dine.

Me har strenge krav til korleis me behandlar personopplysningane dine

Me treng nødvendig dokumentasjon for å kunne behandle saka di og treffe rett avgjersle. Førsteinstansen sender alle relevante saksdokument til oss saman med klagen din, men i nokre saker må me hente inn fleire eller oppdaterte opplysningar. Me vurderer all informasjon og alt du har skrive i klagen.

Det er strenge krav til korleis personopplysningar blir henta inn og behandla. Alle saksbehandlarane våre og nemndmedlem har teieplikt etter forvaltningslova. Me har også system og rutinar som varetar krav til informasjonstryggleik.

Informasjon om korleis me behandlar personopplysningar finn du i personvernerklæringa vår.

Du har rett til innsyn i saka di 

Du har innsynsrett i eiga sak. Du har også rett til å få vite kva opplysningar me har om deg og korleis desse er sikra.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring