Når kan eg få dekt sakskostnader?

Får du heilt eller delvis medhald i klagesaka di, kan du ha krav på å få dekt vesentlege kostnader som har vore nødvendige for å få endra vedtaket.

Norske hundrelapper og tohundrelapper. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

Det er gratis å få klagesaka di behandla hos oss.

Utgifter til advokathjelp

Me er eit forvaltningsorgan som på sjølvstendig grunnlag greier ut og behandlar saka di. Du treng derfor i utgangspunktet ikkje hjelp frå advokat.

Dekning av vesentlege kostnader

Klagarar som får medhald, kan etter bestemmingane i forvaltningslova § 36 bli tilkjent dekning av vesentlege kostnader i klageomgangen, dersom dei har vore nødvendige for å få endra vedtaket.

I pasientskadesakene kan du i særlege tilfelle etter pasientskadelova få dekt nødvendige og rimelege utgifter til advokat, sjølv om du ikkje får medhald i klaga. Særlege tilfelle kan vera når klagaren eller pårørande har problem med å forstå innhaldet i dokumenta i saka eller av andre grunnar ikkje er i stand til å vareta eigne interesser.

Personvernerklæring Tilgjengelighetserklæring